Rueslåtten Ysteri

Rueslåtten Ysteri ligg vegg i vegg med fjøset på garden Rueslåtten. Ostane produseres altså heime på garden, heile året. Om sumaren er kyrne på stølen, Geitevasstølen. Rueslåtten kjøper geitemjølk av Øvrejorde.

Jakobsplass

Høgt oppe i Skurdalen, 930 meter over havet, ligg fjellgarden Jakobsplass. Dei ystar og koker ostar sjølv. Kjøper kumjølk av Hamarsbøen når det trengst til primen.

På Jakobsplass er det også eit lite gårdsutsalg, med både ost og litt anna håndlaga småtteri.

Fagerdalen

Fagerdalen støl er gamal som alle haugane, og her har dei drive osteproduksjon på same måten sidan 1702. Ystar sjølv og leiger kyr av Gurostølen. Fagerdalen har ope heile sumaren, og tilbyr blant anna Stølsbord.

Åpningstider på Fagerdalen 2023:
1 juli  te 21 august 12.00 – 17.00
Deretter laurdaga og sundaga tom. 11.september

Prestholt støl

Prestholt Støl (1200 moh) driv produksjon og salg av ost i sumarhalvåret. Stølsmjølka frå geitene køyres også ned til Hol Ysteri for produksjon av Leirgrøv. Heimgarden heter Rudningen og ligg i Hol, og det er der brunosten lages om vinteren.

Hamarsbøen

Hamarsbøen er ein mellomstor norsk gard som ligg i 700 meters høgde i Kvisla, med fantastisk utsyn nedover i Hallingdal. Hamarsbøen leverer vintermjølk til Hol Ysteri for produksjon av Lykjylost, Kvitost og Røykt Kvitost. Om sumaren er dyr og folk frå Hamarsbøen på Hamarsbøenstølen. Der produseres rumme og smør. Dei leverer også kumjølk til Jakobsplass når dei treng kumjøk til primen sin.

Åpningstider Hammarsbøenstølen sumaren 2023:  Kvar dag frå 14.00 – 20.00

Gurostølen

Gurostølen ligg på 900 meter over havet, og her har det stort sett vore samanhengande stølsdrift sidan 1300-talet. Stølsmjølka leverer dei til Hol Ysteri for produksjon av Kronblom. Gurostølen leiger bort kyr til Fagerdalen om sumaren. Om vinteren er dyr og mennesker heime på garden Larsgard.

Hol ysteri

Hol Ysteri er sjølve hjartet i Ostebygda. Her finn du også eit lokalmatutsalg med turistinformasjon og uteservering.

Hol Ysteri helt ope 

Måndag til Laurdag 11.00 – 17.00 i Juli og August

Fredag og Laurdag 11.00 – 17.00 heile året

 

Øvrejorde

Garden Øvrejorde ligg i Hovet. Stølen til Øvrejorde heiter Kalvefløto og ligg på 1200 moh. Øvrejorde leverer geitemjølk til Rueslåtten Ysteri nesten heile året for produksjon av Rød Geit, Kubbeost og St. Pål.

Sjå kor våre flotte produsentar heldt til