Velkommen til

Ostebygda

I Ostebygda beitar dei flottaste kyrne på det friskaste fjellgraset, og glade geiter sprett rundt i fjellheimen om sumaren og vel seg ut dei mest velsmakande urtene til mjølkeproduksjonen.

Slikt blir det ost i verdsklasse av!

Lokale produsentar

Geiter

Kyr

ostar

%

Lokalt

Ostane

Dette er Ostebygdas samla skattekiste, 26 smaksrike individualistar fostra opp på det beste frå fjellheimen. Om sumaren er det endå tre ostetyper som blir produsert, nemleg Trøgost naturell og med karve, samt Surystil. Her er dei alle fleste samla, og når sumaren kjem, så skal me så klart syne fram ostana som då blir produsert.

Produsentane

Osteoppskriftene er nedarva slektsklenodium, overlevert og perfeksjonert frå generasjon til generasjon. No har dei ypparste osteprodusentane frå tre generasjonar slått seg saman for å bringe osten ut i verda og verda inn i ostens rike. Her er menneska som lever saman med dyra, gir dei kjærleik og tid, og som saman syter for dei beste smakene fjellet kan gi.

Kva skjer i Ostebygda?

Midt mellom Oslo og Bergen ligg ei vakker fjellbygd der folk har drive gardsdrift og ysta ost i hundrevis av år. Her beitar dei flottaste kyrne på det friskaste fjellgraset, og glade geiter sprett rundt i fjellheimen om sumaren og vel seg ut dei mest velsmakande urtene til mjølkeproduksjonen. Slikt blir det ost i verdsklasse av! Her finn du ut meir om kva som skjer, åpningstider og anna nyttig informasjon.

Ostebygda

Midt mellom Oslo og Bergen ligg ei vakker fjellbygd der folk har drive gardsdrift og ysta ost i hundrevis av år. Her beitar dei flottaste kyrne på det friskaste fjellgraset, og glade geiter sprett rundt i fjellheimen om sumaren og vel seg ut dei mest velsmakande urtene til mjølkeproduksjonen. Slikt blir det ost i verdsklasse av! Osteoppskriftene er nedarva slektsklenodium, overlevert og perfeksjonert frå generasjon til generasjon. No har dei ypparste osteprodusentane frå tre generasjonar slått seg saman for å bringe osten ut i verda og verda inn i ostens rike.

Velkomne til Ostebygda!

Samarbeidspartnarar